Sunnmøringen Anne-Marthe Lillebø (33) har teke eit halvt år fri frå lærarjobben ved Danielsen barneskole på Sotra utanfor Bergen for å vere volontør for Israelsmisjonen.
Eg sa til Gud at viss dette var hans vilje, så måtte ting ordne seg. Ein etter ein ting la seg til rette, og eg fekk verkelig merke at Gud hadde ein plan for meg i Israel, fortel Lillebø.
Lærerikt
Sjølv om ho saknar både elevane, medarbeidarane, forsamlinga, familie og venner, så kjenner ho at ho er på rett stad. Ho er spent på å sjå kva Herren har i vente for henne og korleis Han vil bruke henne dei seks månadene ho skal vere i Israel.
– Korleis har dette vore så langt?
– Det har vore kjempespennande, lærerikt og utrulig kjekt. Eg stortrivst med å vere volontør i Immanuelkirken og kjenner meg heldig som får jobbe saman med ein fantastisk gjeng.
Som volontør er arbeidsopppgåvene varierte. Lillebø er med i lovsangsarbeidet i kyrkja, har ansvaret for barnekyrkja og skal vere frivillig ein dag i veka i den kristne bokhandelen i Tel Aviv.
– I tillegg er det mye praktisk arbeid i samband med ting som skjer i forsamlingshuset og gudstenestene laurdag og søndag, seier ho.
Create your
podcast in
minutes
It is Free