"Jakta på den perfekte tro" er tittelen på ein ny serie på NRK Super. Det er programleiar Selma Ibrahim Karlsen som sjølv er på jakt etter "den perfekte tru" gjennom å besøke born som tru på buddhisme, bahai, hinduisme, kristendom, islam og jødedom, i tillegg til eit tidlegare jehovas vitne, ein tidlegare muslim og ein gut som ikkje reknar som som religiøs.
Programleiaren kjem til vegs ende opp med at ho ikkje finn ei perfekt tru, men ho finn noko bra med alle trusretningane ho har fått lære meir om. Førstelektor ved NLA Høskolen, Margunn Serigstad Dahle, tenker at det både er bra og ikkje bra.
-Det ligg så tett opp til dette her når ein seier at der ikkje er ei perfekt tru, at der ikkje er ei sann tru, seier Margunn Serigstad Dahle som er førstelektor ved NLA Høgskolen.
-For oss som bekjenner den kristne tru, og vil dele den kristne sanninga i respekt for kvarandre og i varme og omsorg, og ikkje korte ned, så er nok denne serien utfordrande og på same tid spegler det veldig typiske i vår samtid; -at det er sant for den enkelte men ikkje sant i seg sjølv, legg Serigstad Dahle til.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
Create your
podcast in
minutes
It is Free