Malin driv sitt eige selskap, og deler opent om si gründerreise. Me snakkar om den mentale belastninga ved å vera gründer. Du får høyra om oppturar og utfordringar i bedrift og i livet, og Malin deler korleis ho taklar vanskelege ting. Me snakkar om personleg utvikling, å ta vare på deg sjølv og korleis henta deg inn når du er overvelda. Malin er halvt norsk og halvt samisk, og du får høyra om fleire av forfedrene hennar si historie og kva Malin har med seg frå desse. Malin fortel om opplevingar i livet som har bidratt til å gje ho den styrken og roen ho har i seg sjølv i dag.
Du finn Malin blant anna på Instagram under namnet @malinpaavesolberg.
Om du treng nokon å snakka med, hjelp til familien, hjelp i barnvernssak eller ved ønske om samarbeid kan du finna meg her:
Nettside: www.psykologstokken.no
Instagram: @psykologstokken
Facebook: Psykolog Stokken
view more