I denne episoden har eg med psykolog Sissel Garnes som gjest. Sissel jobbar i PPT, der me var kollegar for fleire år sidan. I tillegg har ho starta sin eigen privat praksis nyleg, der ho blant anna har samarbeid med Bergen Sportsmedicine and Rehabilitation. Sånn eg kjenner Sissel er ho smart, samfunnsengasjert, ivaretakande og glad i humor. Sissel har òg fysisk funksjonshemming. Me snakkar om utfordringar og haldningar dei med fysisk funksjonshemming kan møta i samfunnet, og me snakkar om diskriminering. Vårt interessefelt psykologi blir drøfta, og Sissel deler kva ho brenn for. Til sist deler me begge korleis det er å starta opp privat praksis, og finn ut at me har nokre av dei same følelsane og tankane rundt dette.
view more