Det er på tide med ei oppdatering av korleis oppbygginga av denne private praksisen går. Eg deler frå dei siste månadane, både nedturar og oppturar, tankar og følelsar. Me snakkar om at det er tøft å starta opp, og at eg synes det er utfordrande å byggja opp praksis samtidig som eg byggjer opp meg sjølv etter vanskelege opplevingar eg har hatt. Me snakkar om målgruppe, frykt for avvisning og at psykologar òg er menneske som kan ha det dårleg og kan trenga hjelp. Lars Sveinung har vore sakna i eit par episodar, og han svarer på kvifor.
view more